Back to All Events

Showhelg med showet "Ka gjer me no?"


Skjermbilde 2019-09-09 kl. 07.29.23.png

Revy- og teaterlaget Midtfjords har gleda av å presentere:

Ka gjer me no?
- eit musikkspel om den gale og glade pensjonisttida!

Kviknes Hotel, 12. oktober 2019.

Ka gjer me no handlar om mannen som ikkje veit korleis han skal takle det nye pensjonistlivet. Skal han la dagane gå og mate fuglane, eller flyte med i straumen til late dagar i syden?

Einaktaren Ka gjer me no, sender hovudperson og publikum på ei rundreise i alvor, glede tvil og galskap. Tekst er skriven av Morten Lorentzen, kjend radio- og teaterforfattar, og i vinter gjekk forestillinga for fulle hus på Voss. No er Ka gjer me no klar for Kviknes Hotel den 12. oktober.

Tekst: Morten Lorentzen

Musikk: Einar Hauge, Morten Lorentzen

Musikk og song: Marie Ullestad Een, Sigurd Kvikne Fretheim, Finn Michael Daynes, Sigurd Kvikne, Trond Matre, Bjørn Sandnes, Steinar Røthe, Einar Hauge

Produksjon / video: Morten Brede Holm

Prisar og bestilling

Show kl. 18.00. 
Middag kl. 20.00. 

Billett kr 295,- per person.
Billett og middag kr 890,- per person.
For booking av billett og middag: booking@kviknes.no / 57 69 42 00

Bli oppdatert på vårt Facebook-arrangement!

Spesialtilbod med overnatting, frukost, middag og show:

Frå kr. 1490,- pr. person ink. overnatting, frukost, middag og showbillett.
KUN TILGJENGELEG I VÅR ONLINE BOOKING!



Pressen har sagt:

Avisa Hordaland


Earlier Event: May 17
17. mai-buffet